Tilrår vern av 5 skogområde i Rogaland
Statsforvaltaren har sendt tilråding om vern av 5 skogområde i Rogaland til Miljødirektoratet. Tilrådinga omfattar 3 nye naturreservat og utviding av 2 eksisterande naturreservat.
Dei 3 nye skogområda som blir foreslått verna er:
- Ulvaskog i Strand kommune, 3938 daa
- Honganvik i Sauda kommune, 2084 daa
- Griggelia i Sandnes kommune, 1153 daa
Dei 2 naturreservat som blir foreslått utvida er:
- Hylsskaret i Suldal kommune, utvidinga er på 414,3 daa. Nytt areal på hele Hylsskaret naturreservat blir da ca. 12 127 daa.
- Ragstjørna i Gjesdal kommune, utvidinga er på 104,3 daa. Nytt areal på hele Ragstjørna naturreservat blir da 652,5 daa.
Områda har komme fram gjennom ordninga med frivillig vern av skog, der skogeigarane sjølve tilbyr areal for vern. Verneprosessen har omfatta oppstartsmelding 11.12.2023 og høyring med høyringsfrist 15. mai, kor det har vore mogleg å komma med uttalar og innspel til verneforslaga.
Nå har Statsforvaltaren sendt tilrådinga si til Miljødirektoratet for vidare handsaming. Tilrådingsdokumentet med skildring av verneforslaga og Statsforvaltaren si vurdering av innspela, kan lastast ned frå lenkene i høgre marg. Andre dokument som følger tilrådinga er vernekart, verneforskrifter, høyringsfråsegn og fråsegn til oppstartsmeldinga.
Vidare sakshandsaming:
Statsforvaltaren har sendt tilrådinga si om vern til Miljødirektoratet.
Eventuelle merknadar til verneforslaga skal no sendast direkte til Miljødirektoratet (post@miljodir.no), med kopi til Statsforvaltaren i Rogaland (sfropost@statsforvalteren.no).
Direktoratet vurderer verneforslaga og vil sende tilrådinga si til Klima- og miljødepartementet som førebur saka og legg forslag om vernevedtak fram for Kongen i statsråd. Etter vedtak ved kongeleg resolusjon vil vedtaket bli kunngjort og erstatninga til skogeigar bli utbetalt i tråd med avtalane. Statsforvaltaren vil sørge for at naturreservata blir merka og skilta.