Framlegg til marint verneområde Jærkysten - lokal og sentral høyring

Fylkesmannen i Rogaland sender med dette ut lokal og sentral høyring av framlegg til marint verneområde på Jærkysten.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.12.2014

Området utgjer ca. 142  km², frå 5 meters djup ut til om lag 50 meter. Det strekkjer seg frå Sele og Revtangen i nord til Ognabukta i sør. Dels overlappar dette Jærstrendene landskapsvernområde med biotopfredningar. Verneformålet er knytt til sjøareal og sjøbotn; med israndavsetningar, naturleg sedimenttransport og eit mangfald av økosystem og habitat med tilhøyrande dyre- og planteliv.

Oppretting av marine verneområde er heimla i § 39 i naturmangfaldlova av 2009. Jærkysten  er eit av fleire marine område som inngår i nasjonal marin verneplan. Det er tidlegare gjennomført oppstartsmelding og informasjonsmøte knytt til saka.

Høyringsbrev er no sendt ut til aktuelle lokale og sentrale høyringspartar. Høyringsdokument, med framlegg til verneforskrift, framlegg til vernekart, oppstartsmeldinga og innspel til denne finn du i dokumentlenka til høgre.

Frist for uttale er sett til 20. mars 2015.
Me ser fram til å få innspel og merknader. Desse skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger, eller elektronisk til fmropost@fylkesmannen.no

Spørsmål kan rettast til Fylkesmannen i Rogaland, tlf. 51568910 eller 92288785, eller pr epost: fmropka@fylkesmannen.no.

I etterkant av høyringa vil Fylkesmannen sende oppsummering av høyringsuttalar og vår tilråding til Miljødirektoratet. Miljødirektoratet vil deretter sende tilråding til Klima- og miljødepartementet. Endeleg vedtak om vern vert fatta ved kongeleg resolusjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.