No er naturtypane på Jæren kartlagt

For første gang er naturtypar og tilhøyrande biologisk mangfald kartlagt systematisk frå Randaberg i nord til Sirevåg i Hå. Arbeidet er utført av Anders Lundberg, Universitetet i Bergen, på oppdrag frå fylkesmannen og Direktoratet for Naturforvaltning. Kartlegginga for Miljørapport 2010 - 4 vart utført i 2008 og 2009, med supplerande undersøkingar i 2010. Konklusjonen er at Jærstrendene landskapsvernområde er eit svært verdifullt område, også i internasjonal samanheng. Verdien av området er ifølgje professor Lundberg uvurderleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.11.2011

Rapporten tar for seg kvar av dei 37 forvaltningssonene i landskapsvernområdet.

Det er registrert 100 vegetasjonstypar i landskapsvernområdet. Av desse blir 31 rekna som trua på nasjonalt plan.

Rapporten tar også for seg floraen og gir oppdatert kunnskap om trusselfaktorar og trusselkategoriar for karplanter, mosar, lav, sopp og kransalgar. Det er registrert 55 raudlista karplanter i landskapsvernområdet, ni raudlista mosar, fem raudlista lav, tre raudlista kransalgar og 28 raudlista soppartar, til saman 100 raudlista planteartar.

Rapporten formulerer bevaringsmål for kvar av dei 37 forvaltningssonene. Undersøkinga viser også at landskapsvernområdet og verdiane i det er utsette for slitasje og truslar og at det er nødvendig å snu trenden med tap av biologisk mangfald. Rapporten presenterer framlegg til skjøtsel og forvaltningstiltak. For å vite om tiltaka verkar etter intensjonen og om verdiane i området forblir intakte, er det nødvendig med kontinuerleg overvaking.

For spørsmål om arbeidet, kontakt Per Kristian Austbø, Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.