Mykje flaggermus

Huseigarar i fylket melder om "invasjon" av flaggermus, og ønskjer å fjerna dei ved å ta livet av dei. Flaggermus er ufarlege dyr og er verna etter norsk lov. Fylkesmannen kan i særlege tilfelle gje løyve til skadefelling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.07.2005

Om sommaren samlar ofte hodyra med ungar seg i koloniar i hus og andre bygningar. Dei oppheld seg her i 3-4 veker inntil ungane er flygedyktige. Medan mødrene jaktar på insekt om kvelden/natta, blir som regel ungane verande att på gøymestaden.

Flaggermus nyttar seg av eksisterande hol, sprekker og opningar når dei tek seg inn i bygningar. Dei gneg aldri nye hol. Vanlege gøymestadar er under takstein, takskjegg og rundt piper. Flaggermus kjem seg inn i hus gjennom ganske små opningar. Dvergflaggermus - nokså vanlege her i fylket - treng berre ein opning på 1 x 1 cm for å kome seg inn.

Den beste måten å hindre at flaggermus i bygningar er å tette hol, sprekker og andre opningar. Dette bør ein ikkje gjere nå om sommaren. Vanlegvis forlet både vaksne og ungar huset når ungane kan flyge. Den beste tida til å tette hol og sprekker er i september - når ein er sikker på at sommarkoloniane er tome, og før flaggermusene byrjar tenkje på vinterdvale. Arbeidet må gjerast når det er mørkt og dyra er på matjakt.

I særlege tilfelle kan Fylkesmannen gje løyve til skadefelling av flaggermus. Ein må søkje om dette skriftleg og gjere greie for problemet. Normalt vert det ikkje gitt løyve før ein har prøvd å løyse problemet på anna vis. Ved vurderinga av ein søknad vil det og bli lagt stor vekt på kva art flaggermus det gjeld.

Det finst 11 artar flaggermus i Noreg. Dei fleste er sjeldsynte og står på den norske raudlista. Dei vanlegaste artane i Rogaland er nordflaggermus og vannflaggermus. Alle dei norske artane et berre insekt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.