Kunngjering løyve utfylling Buøy i Stavanger

Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til Statens vegvesen Region Vest til utfylling i sjø av sprengsteins- og morenemassar frå driving av Solbakktunnelen og Hundvågtunnelen i Ryfastsambandet. Løyvet gjeld utfylling vest for Tømmerodden og i indre del av Bangarvågen, Buøy, Stavanger kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.03.2014

Etter utlegging av opphaveleg søknad av 11.06.2013 til offentleg ettersyn (sjå lenke til høgre) har Statens vegvesen Region Vest søkt om vesentlege endringar når det gjeld volum utfyllingsmassar og storleiken på utfyllingsarealet. Løyvet omfattar på dei to utfyllingsstadene utfylling av til saman omlag 2 200 000 m3 sprengstein og morenemassar i sjø, som samla dekkjer eit sjøbotnareal på omlag 225 000 m2.

Vedtaket om løyve kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet.  Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå tillegg til søknaden og nytt løyve i dokumentlenkene til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.