Uttale med motsegn til høyring Røldal-Suldal reguleringa
Statsforvaltaren i Rogaland har i dag sendt sin uttale til NVE med motsegn til høyring av revisjonsdokument for Røldal-Suldal reguleringa, og bygging av fem nye kraftverk i dei same vassdraga.
Vi vurderer, ut frå søknaden og dagens kunnskapsgrunnlag, at Kvanndal 2 pumpekraftverk - og effektane pumpekraftverket vil ha på Holmavatnet - vil komme i konflikt med tiltaksplanar for Setesdal Ryfylke villreinområde og nasjonale mål for villrein.
Slik Statsforvaltaren ser det vil ein konsesjon som omsøkt, utan ytterlegare tilpassingar, innebere uakseptable konsekvensar for villreinen. Eit mogleg avbøtande tiltak som vi ønskjer å diskutere med NVE og Lyse Kraft er at det blir sett pumpestans i perioden 1. desember – 31. mars. Frå april vil villreinen stort sett vere ute av området.
Vi meiner vidare at det må leggast opp til ei miljøtilpassa vassføring for Roaldkvamsåa og Brattlandsåa. Desse elvene er viktige for storauren i vassdraget. Minstevassføringa må ein finne ved bruk av metoden miljødesign i vassdrag. Utbyggingsløysinga med Nordmork kraftverk meiner vi kan vere ei god løysing for å oppnå minstevassføring i Roaldkvamsåa.
NVE må pålegge undersøkingar som fører til økt kunnskap om alle vassførekomstane påverka av Røldal-Suldal reguleringa. Målet må vere å få eit godt nok kunnskapsgrunnlag til å klassifisere vassførekomstane med høg presisjon i Vann-Nett. Deretter kan ein finne eigna tiltak for å betre miljøtilstand, og sette miljømål godt økologisk potensial.
Alle kraftverka det her er snakk om, er lokalisert i kommunane Suldal i Rogaland og Ullensvang i Vestland, men reguleringane påverkar òg Vinje kommune i Telemark, og Bykle kommune i Agder.