Kartlegging av natur i Rogaland 2018

I juni starta biologar frå Miljøfaglig Utredning AS og Ecofact Sørvest å kartleggja naturtypar i Rogaland. Miljøfagleg Utredning vil kartlegge landskapsvernområda Synesvarden og Jærstrendene, medan Ecofact vil kartlegge naturtypar i utvalde område i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2018

Arbeidet med å kartlegge naturtypar i Rogaland er ein del av Miljødirektoratet sitt nasjonale kartleggingsporsjekt for naturtypar. Kartlegginga skjer etter det nye kartleggingssystemet Natur i Noreg. Data som vert innhenta i felt vil mellom anna bli brukt i arealforvalting hjå kommunane og Fylkesmannen. Føremålet er å få god stadfesta kunnskap om naturen. Dette betyr ikkje at områda blir verna eller freda.

Utføring av oppdraget vil inkludere ferdsel i utmark i medhald av friluftslova. I einskilde tilfelle kan det likevel bli naudsynt å gå varsamt over innmark for å komme til isolerte areal, til dømes åkerholmar og kantsoner. Me vonar at dette kan gjennomførast utan ulempe for grunneigarar, slik at me får ein fullstendig og god kartlegging av områda.

Orkidear Foto: Audun Steinnes

Naturtypekartlegging i landskapsvernområda (Miljøfaglig Utredning AS)

I landskapsvernområda blir alle naturtypar kartlagt etter det nye kartleggingssystemet frå artsdatabanken, Natur i Noreg (NIN). Føremålet er å gi ein oppdatert oversikt over fordelinga av naturtypane. Dette vil bidra til å betre forvaltninga av verneområda.

Kart over områda som skal kartleggjast, sjå rosa kartfigurar.

Lynghei 
Foto: Audun Steinnes

Naturtypekartlegging i utvalde område (Ecofact Sørvest)

Utvalde område i Rogaland er fordelt i åtte regionale grupper, Høgjæren (Hå og Time), Edlandsfjellet (Gjesdal, Time), Tau-Jørpeland (Strand), Tau-Fiskå (Strand), Randøy (Hjelmeland), Storevatnet (Tysvær), Gjerdesdalsvatnet (Vindafjord) , Storstein (Haugesund kommune), samt ei tema-gruppe fordelt på mindre areal utover fylket.

Klima- og miljødepartementet har i 2018 fastsett 76 naturtypar som skal prioriterast for kartlegging i desse utvalde områda. For desse utvalde naturtypane er det utvikla ein metode for å fastsetja den økologiske kvaliteten. Føremålet er å gi ein oppdatert oversikt over naturtypane sin fordeling og tilstand.

Kart over områda som skal kartleggjast, sjå blå kartfigurar.

Har du spørsmål gjeldande kartlegginga kan du ta kontakt med:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.