Nytt løyve til Sentralrenseanlegg Nord-Jæren SNJ

IVAR IKS har fått nytt løyve til utslepp av avlaupsvatn tilsvarande 400 000 pe for Sentralrenseanlegg Nord-Jæren (SNJ).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2013

SNJ er plassert på industriområde i Mekjarvik i Randaberg kommune. IVAR IKS har fram til i dag hatt løyve til utslepp av avlaupsvatn tilsvarande 260 000 pe (personekvivalentar).

Anlegget behandlar avlaupsvatn frå kommunane Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes og Gjesdal. Etter reinsing blir avlaupsvatnet ført til Håsteinsfjorden vest for Tungenes på 80 m djup. Utsleppspunktet er ca 1,6 km frå land.

I 2012 var gjennomsnittleg belasting for SNJ ca 195 000 pe. det er forventa befolkingsvekst i regionen og utsleppsramma er difor auka til 400 000 pe.

Sjå utsleppsløyve med vilkår i dokumentlenka til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.