Mudring i Kvilldalsvika, Suldalsvatnet
Statnett SF søkjer om løyve til mudring i Kvilldalsvika i Suldal kommune. Høyringsfristen er 4 veker.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve til mudring i Kvilldalsvika i Suldal kommune. I samband med NSN-prosjektet (kabel for kraftutveksling mellom Norge og England), har Statnett SF behov for mudring i Suldalsvatnet. Føremålet med mudringa er å få lagt kabelen ned på frostsikkert djup. Søknaden gjeld mudring av ca. 975 m³ lausmassar, og berekna berørt botnareal er ca. 1100 m².
Tiltaket kan føra til spreiing av potensielt forureina sediment, og det kan derfor i eit eventuelt løyve bli silt vilkår om at søkar må iverksetta tiltak for å hindra partikkelspreiing. For å ta hensyn til vandringsforhold for fisk, kan det også bli aktuelt å sette krav om restriksjonar for kva tid på året dette arbeidet kan gjennomførast.
Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no
Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.