Løyve til utfylling ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy kommune

Marine Aluminium Industrier AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy. Løyvet er gitt i samband med utviding av kaiareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2013

Marine Aluminium Industrier AS har fått løyve til mudring og utfylling i sjø ved Storasund/Gunnarshaug i Karmøy kommune. Løyvet er gitt i samband med at verksemda skal utvide kaiarealet. Med heimel i forureiningslova § 11 og i medhald av forskrift av 01.06.04 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 22, gir Fylkesmannen Marine Aluminium Industrier AS løyve til mudring og utfylling i sjø ved Storasund/Gunnarshaug.

I samband med løyvet stiller Fylkesmannen vilkår til arbeida, blant anna at tiltakshavar fører kontroll med arbeida og at det setjast i verk tiltak for å hindre skadar på miljøet som følgje av arbeida i sjø.

Marine Aluminium AS har behov for eit større kaiareal blant anna for å laste/losse offshoreinstallasjonar og for å få ein kai med ein stor nok djupne til at større båtar kan legga til. Arbeidet med utvidinga av kaien gjer det naudsynt og  fylle ut med sprengstein i sjø.

Løyvet omfattar utfylling av 25 000 m3 steinmassar. Samla vil tiltaket dekke eit areal på omlag 6 000 m2 på botnen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.