Løyve til utfylling i sjø ved Harestad, Mekjarvik sør

Statens vegvesen har fått løyve etter forurensningslova til utfylling i sjø ved Harestad aust for Randaberg Industrier ved Mekjarvik i Randaberg kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.11.2015

Løyvet gjeld utfylling av om lag 700 000 m3 sprengsteinmassar frå tunnelarbeid, og tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 40 000 m2. Tiltaket kan påverke nærliggjande gyteområde for torsk og viktige naturtypar registrert i Randabergbukta. Det er i løyvet blant anna sett vilkår om overvaking av vatnmassane i gyteperioden.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 5001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå lenker til saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.