Løyve til utfylling i sjø ved Båsen
Fylkesmannen har gitt Åmøy Havn AS løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Båsen, Vestre Åmøy, Rennesøy kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I samband med etablering av molo i småbåthavn ved Båsen er det behov for utfylling i sjø. Løyvet omfattar utfylling med omlag 42 000 m3 sprengsteinmassar, og vil røre ved eit sjøbotnareal på omlag 4 800 m2. Det er i løyvet sett krav om tiltak for å hindre partikkelspreiing, samt restriksjonar på når på året tiltaket kan utførast.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.