Løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest

Statens vegvesen Region vest (SVV) har fått løyve til mudring og utfylling i Førrestjørna i Tysvær kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.05.2014

Fylkesmannen har 15.05.2014 gitt løyve til SVV til mudring og utfylling i tjernet for bygging av nytt toplanskryss og trafikksikringstiltak. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av botnsediment og sprengsteinspartiklar under arbeida.

Arbeida i Førrestjørna omfattar mudring av 11 500 m3 løsmassar, og utfylling av 2 000m3 sprengsteinsmassar. Samla vil tiltaket dekke eit areal på ca. 3 310 m3 på botnen av Førrestjørna.

Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.