Løyve etter forureiningslova til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS

Fylkesmannen har 12.05.2014 gitt løyve til Indre Vågen Utbyggingsselskap AS til mudring og nedsetting av peler i sjø for etablering av ny kai og småbåthamn. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av forureina sjøbotnsediment under arbeida.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.05.2014

Arbeida i Indre Vågen omfattar nedsetting av 12 stk peler à 0,13 m2, til saman om lag 2 m2,  og mudring av lausmassar som vil dekke eit areal på ca. 10 m3 på sjøbotnen.

Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.