Etterhandskunngjering av løyve til Velde Produksjon AS Gismarvik

Fylkesmannen har gitt løyve til Velde Produksjon AS etter forureiningslova § 11 for drift av asfaltverk i Gismarvik, 65/15 Tysvær.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2018

Verksemda har ei teoretisk produksjonskapasitet på 240 tonn vegmasse per time, men vil i praksis kun produsere 180 tonn. Årleg produksjonsramme er sett til 450.000 tonn inkludert asfaltflak og fresemasse til gjenvinning.

Anlegget kan til ei kvar tid maksimalt mellomlagre 10.000 tonn returasfalt.

Vilkåra i løyet samsvarer med sjølvberande vilkår i forureiningsforskrifta kap.24 «Forurensninger fra asfaltverk».

Drift av asfaltverket påverkar i liten grad naboar og ytre miljø.

Fylkesmannen har derfor vurdert det tilstrekkeleg å etterkunngjere løyvet.

Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no

Sjå løyve og saksdokumentar som ligg vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.