Etterhandskunngjering av arbeid i sjø sør for riggkaien på Risøy

Petter J. Rasmussen AS er på vegne av Aibel AS gitt nytt endra løyve til arbeid i sjø på Risøy i Haugesund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2016

Løyvet vart først vedteke 11.03.2014, og tidlegare endra i vedtak av 23.10.2015. Den siste endringa omfattar sprenging og planering av eit større areal av sjøbotnen, samt auke av totalt massevolum, som er naudsynt i samband med ein ny kontrakt for verksemda.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell, grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.