Søknad om mudring og masseuttak ved fyllingsarbeid i Sømmevågen og på Leirberg

Statens vegvesen har søkt om løyve etter forureiningslova til mudring/uttak av massar og fyllingsarbeid i samband med oppgraderinga av RV 509 Sømmevågen vest og Flyplassvegen i Sola kommune. Søknaden er no ute til offentleg ettersyn

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.02.2013

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens Vegvesen om løyve etter forureiningslova §§ 11 og 16. Søknaden omfattar mudring/uttak av massar og fyllingsarbeid i Sømmevågen og på Leirberg i Sola kommune.

Omsøkt mudre-/utfyllingsarbeid er naudsynt i samband med oppgraderinga av RV 509 Sømmevågen vest og Flyplassvegen i Sola kommune. Dagens veg skal utvidast frå 2 til 4 felt med 2-sidig gang- og sykkelveg.

Utvidinga av vegen gjer det naudsamt å fylle 30 m ut i Sømmevågen. Blautbotnsområdet i Sømmevågen er eit viktig raste- og næringsområde for vade- og symjefuglar. Det er også ein førekomst av den sterkt trua arten dvergålegras (Zostera noltei) her. Tiltaket er difor eit vesentleg naturinngrep.

Det er planlagt ein erstatningsbiotop på Leirberg som avbøtande tiltak. Området på Leirberg er ein gammal fylling som nå skal ryddast og tilretteleggast til eigna habitat for dvergålegras. Dvergålegras vert flytta frå området som skal fyllast ut i Sømmevågen, til Leirberg.

Det vil i eit løyve mellom anna bli sett krav til at utbyggjar fører kontroll med arbeida og at det vert sett i verk tiltak for å hindre partikkelspreiing ved mudre-/utfyllingsarbeida.

Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentlig ettersyn i Sola kommune, Stavanger Aftenblad, Solabladet og på nettsidene våre i dokumentlenkjene til høgre.

Eventuelle merknader til søknaden sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan fire veker frå kunngjeringstidspunktet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.