Løyve til utfylling i sjø ved Tau Mølle i Strand

Vestlie AS har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved industrikaien til Tau Mølle, gnr./bnr. 17/4 i Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.04.2016

Løyvet omfattar utfylling av om lag 12 000 m3 reine dagbruddmassar i sjø. Tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 1 000 m2. Føremålet med utfyllinga er mellom anna å auke kapasiteten ved kaien, betre HMS-forholda og auke verksemda si konkurransekraft.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå lenkjer til saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.