Løyve til utfylling i sjø Treholmen ved Husøy
Husøy Eigedom AS har fått løyve etter forureiningslova til sprenging og utfylling i sjø ved eigedomen 86/71 Treholmen, Husøy i Karmøy kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Løyvet omfattar utfylling av om lag 40 000 m3 reine sprengsteinsmassar i to områder samt sprenging i samband med nedsetting av pelar. Tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 9 200 m2. Formålet med arbeidet er etablering av ein ny kai og betre utnytting av tomta som næringsareal.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå lenkjer til saksdokumenta i høgremargen.