Løyve til utdjuping og utfylling i sjø ved Kaupanes

Eigersund Næring og Havn KF har fått løyve etter forureiningslova til sprenging/mudring og utfylling i sjø i Holeviga ved Kaupanes i Eigersund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2016

Løyvet gjeld utdjuping av tre grunner i Holeviga og eit område utanfor kaien ved Kaupanes, samt utfylling med dei utsprengte massane innanfor eksisterande molo ved Hovland ferjekai. Sjøbotnen i nærliggjande områder er påvist forureina, og det er i løyvet mellom anna sett krav om tilpassa sprengeteknikk for å minimere partikkelspreiing som følgje av arbeida.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59. 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå lenkjer til saksdokumenta i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.