Løyve til arbeider i sjø ved Garpaskjær på Risøy

Fylkesmannen har gitt Karmsund Havnevesen IKS løyve til arbeider i sjø ved Garpaskjær på Risøy, Haugesund kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.02.2015

Omsøkte arbeider i sjø er naudsynte for å utdype sjøbotn for å oppnå tilstrekkelig dybde for cruiseskipene som skal anløpe Haugesund frå våren 2015.

Løyvet omfattar mudring og bortsprengning av fjell, samt deponering av sprengsteinsmassar på djupare vatn, rett vest for omsøkt område. Beregna volum mudringsmassar er ca. 60 m³ og beregna volum utsprengt fjell er ca. 90 m³. Totalt vil tiltaket berøra eit sjøbotnareal på ca. 450 m². I løyvet er det m.a. satt krav om at sprengning av fjell blir utført på ein måte som minimerer spreiing av sprengstein frå sprengningsområdet, samt at oppmudra sedimenter blir levert til godkjent deponi på land.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klagen skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.