Løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest

Statens vegvesen Region vest (SVV) har fått løyve til utslepp til sjø ved Buøy og ved Grasholmen i Stavanger kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.05.2014

Fylkesmannen har 16.05.2014 gitt løyve til SVV til utslepp av anleggs- og driftsvatn til i sjø i samband med bygging av E05 Hundvågtunnelen. Det er i løyvet satt krav til tiltak for å hindre at marine naturverdiar vert negativt påverka som følgje av arbeida.

Arbeida med Hundvågtunnelen er ein del av Riksvei 13 Ryfast prosjektet. Det er planlagd at arbeida vil ta 3,5 år frå oppstart våren 2014.

Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.