Løyve etter forureiningslova til Omega AS
Omega AS har fått løyve til utfylling av sprengsteinsmassar og mudring i sjø i Ølensvåg i Vindafjord kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen har 09.05.2014 gitt løyve til Omega AS til utfylling av sprengsteinsmassar og mudring i sjø for etablering av kaifront og ny byggegrunn. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av forureina sjøbotnsediment under arbeida.
Utfyllinga ved Bygnes omfattar om lag 5 000 m3 sprengstein. Det skal mudrast om lag 230 m3 botnsediment. Samla vil tiltaket dekke eit areal på ca. 2 mål på sjøbotnen.
Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.