Kontrollaksjon ved skipsverft i Rogaland

Våren 2016 skal Fylkesmannen delta i ein landsomfattande kontrollaksjon for å sjekka om skipsverfta i fylket følgjer miljøregelverket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.03.2016

Forureiningsforskrifta kapittel 29 regulerer forureining frå m.a. skipsverft. Forskrifta krev at verksemdene må ha god kontroll på utsleppa sine. Dei må m.a. veta kva type og mengde miljøfarlege stoff som vert sleppt ut.

Kontrolltema vil omfatte m.a. utslepp til sjø, utsleppskontroll, handtering av avfall, støy og internkontroll.

Kontrollane vil ikkje verte varsla.

Informasjon om miljøkrav for skipsverft finst i faktaarket i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.