Departementet seier ja til opphogging av oljeinstallasjonar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering for Vats- og Yrkesfjorden. - Me lyttar til kommunen sine ønske om å leggja til rette for arbeidsplassar og verdiskaping i Vindafjord, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.06.2015

Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet hadde motsegner til planen av omsyn til naturverdiane og fiskeriressursane. Motsegnene blir ikkje tatt til følgje.

Innstramingar og presiseringar

Ein viktig føresetnad for løyvet frå departementet er at AF Decom ivaretar miljøomsyn, sjømattryggleik og ei brei deltaking i miljøovervakingsprogrammet. Derfor er det gjort ein del innstramingar og presiseringar i reguleringsbestemmelsane. Konkret betyr det at verksemda må:

  • Avgrensa aktiviteten i gyteperioden. 
  • Avgrensa talet på oljeinstallasjonar som kan seksjonerast og kor lenge dei får liggja i fjorden.
  • Involvera Mattilsynet og Fiskeridirektoratet i arbeidet med miljøovervakinga. 

- Sjømattryggleik er viktig og me stiller derfor strenge krav til miljøovervaking, seier Sanner.

- Må leggja til rette

Vindafjord kommune vedtok detaljreguleringa av Vats- og Yrkesfjorden i juni 2014. AF Decom vil nytta området til opphogging av utrangerte oljeinstallasjonar. For Sanner er det viktig å leggja til rette for at fjerning av desse installasjonane kan skje i Norge.

- Ei rekke oljeinstallasjonar er planlagt fjerna frå Nordsjøen, og dette kan vera viktige arbeidsplassar i Norge, seier statsråden. 

Les også: Opphogging av oljeinstallasjonar til departementet

Pressemelding og brev til Fylkesmannen i Rogaland finn du i høgremargen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.