Etterkunngjering av løyve til Suldal Renovasjon AS

Suldal Renovasjon AS er gitt løyve til mottak og lagring av farleg avfall i konteinar på verksemda sin eigedom Gåsavikja 17 i Suldal kommune. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.11.2017

Suldal Renovasjon AS driv i dag Ryfylke Miljøverk IKS (RYMI) sin gjenvinningsstasjon i Gåsavikja på Sand. Verksemda har løyve frå Fylkesmannen til å ta imot og lagre farleg avfall her. På Gåsavikja gjenvinningsstasjon har Suldal Renovasjon AS teke imot farleg avfall frå private hushald og frå verksemder som anten er RYMI eller Suldal Renovasjon AS sine kundar.

I brev av 20.3.2017 søkte Suldal Renovasjon AS om løyve til å ta imot og lagre farleg avfall frå eigne kundar i konteinar som er plassert på eigedomen 102/57 Gåsavikja 17 i staden for på nabotomta der Gåsavikja gjenvinningsstasjon ligg. Fylkesmannen ga 17.11.2017 verksemda løyve til det dei søkte om. Sjå løyvet med vedtak og saksutgreiing i høgremargen.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.