Endring av løyve til Stena Recycling AS
Stena Recycling AS søkjer om endring av gjeldande løyve for returmetallanlegg i Mekjarvik, Randaberg kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 27.05.2015
Søknad om endring gjeld:
- auke mengd mellomlagra returmetall frå 8 000 til 10 000 tonn
- auke årleg mottak av marine konstruksjonar frå 4 000 til 15 000 tonn
- auke mengd mellomlagra marine konstruksjonar frå 1 000 til 15 000 tonn
- mellomlagring av inntil 100 tonn farleg avfall frå eiga verksemd
- løyve til mottak og mellomlagring av marine konstruksjonar på del av eigedomen gnr. 51, bnr. 52, Mekjarvik
- drift på laurdagar i tidsrommet kl. 07.00 – 18.00
Søknadsdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i Randaberg kommune, Servicetorget og i høgremargen på denne sida.
Moglege merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller postmottak@fmro.no innan fire veker frå kunngjeringsdato.