Endra løyve til Franzefoss Gjenvinning AS i Haugesund
Fylkesmannen har gitt Franzefoss Gjenvinning AS endra løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på verksemda sitt anlegg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Endringane er gjort for at det skal vere samsvar mellom finansiell sikring og det verksemda lovleg samtidig kan ha inne på anlegget av farleg avfall.
I løyve av 3.2.2014 kunne verksemda samtidig lagre inntil 500 tonn farleg avfall. Mengdene farleg avfall og avfallstype var ikkje nærare spesifisert.
Med endringa i nytt løyve 25.10.2016 kan verksemda samtidig ha inne på anlegget kun inntil 135 tonn farleg avfall og avgrensa til følgande typar farleg avfall: Avfall med ftalater, klorparafinhaldige isolerglasruter, PCB vindu, CCA- og kreosotimpregnert trevirke, asbest og lysstoffrør.