Avfall og gjenvinning

Oppdatert 22.01.2024

Avfall og gjenvinning omfattar innsamling, mottak, lagring, behandling, gjenvinning og anna handtering av avfall. Dette kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.

Farleg avfall

Farleg avfall kan ikkje handterast saman med vanleg avfall. Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som kan føre til alvorleg forureining og skade menneske og dyr. Verksemder som produserer farleg avfall, har plikt til å levere avfallet til eit godkjent avfallsmottak. Før transport skal avfallet deklarerast elektronisk på www.avfallsdeklarering.no

Statsforvaltaren kan gi løyve

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for dei fleste avfallsanlegg og kan gi løyve til verksemd som fører til forureining. Dette omfattar anlegg for mottak, sortering og behandling av avfall, bilvrakplassar, deponi, komposteringsanlegg og forbrenningsanlegg. Når Statsforvaltaren gir slike løyve, må verksemda i nokre tilfelle setje i gang spesifikke tiltak for å minske ulempa for andre. Statsforvaltaren skal også hente inn avfallsplanar frå hamner og drive tilsyn med dei.

Statsforvaltaren kontrollerer avfallsanlegga for å sikre at krava i løyva blir etterlevde. Det er forureiningslova, avfallsforskriftene, internkontrollforskrifta og løyva som er gitt, som ligg til grunn for kontrollane. 

Vis meir


Publisert 12.11.2024

Tillatelse til Toraneset Miljøpark for mottak av asbestmasser fra branntomt

Statsforvalteren i Rogaland har gitt HIM, Toraneset Miljøpark tillatelse til deponering av asbestholdige masser og organisk materiale etter fjøsbrann i Tysvær kommune.


Publisert 12.11.2024

Endra løyve til Franzefoss Gjenvinning AS avd Haugesund

Statsforvaltaren har slått saman løyve til ordinært og farleg avfall, og gitt utvida ramar for farleg avfall etter søknad frå verksemda.


Publisert 22.10.2024

Etterkunngjering av revidert løyve til Solør Bioenergi AS avd Vigrestad

Statsforvaltaren har gitt Solør Bioenergi AS avd Vigrestad i Hå kommune, nytt revidert løyve etter forureiningslova til handsaming av trevirke.


Publisert 09.07.2024

Etterkunngjering av løyve til kompostering – Stangeland Maskin AS

Statsforvaltaren har gitt Stangeland Maskin AS midlertidig løyve etter forureiningslova til kompostering av park- og hageavfall på Kalberg.


Publisert 09.07.2024

All Sports Recycled Sør AS får nytt løyve til behandling av kunstgrasbanar i Oltedal

Statsforvaltaren i Rogaland har gitt All Sports Recycled Sør AS løyve etter forureiningslova til mekanisk behandling av kunstgrasbanar i Oltedal, Gjesdal kommune.


Publisert 03.07.2024

Etterkunngjering av endra løyve til SAR AS Tananger på ASCO-basen

Statsforvaltaren har endra SAR AS avd Tananger sitt løyve til å tanklagra meir farleg avfall frå offshore verksemd ved ASCO-basen i Risavika, Sola kommune.


Publisert 24.04.2024

Viking Gjenvinning Karmøy AS får tillatelse etter forurensingsloven

Statsforvalteren gir tillatelse til Viking Gjenvinning Karmøy AS til å ta imot og gjenvinne kasserte båter og yrkesfartøy på Uvikstrand i Karmøy kommune.


Publisert 04.03.2024

Etterkunngjøring av ny tillatelse til SAR på Storøy

Statsforvalteren har gitt utvidet rammen til SAR på Storøy. SAR lagrer offshore-relatert farlig avfall på tankanlegget til Soltin AS på Storøy, Karmøy kommune.


Publisert 05.01.2024

Nytt løyve til Hermod Teigen AS avd Harestadvika

Statsforvaltaren har revidert løyve til Hermod Teigen AS avd Harestadvika (tidlegare Norscrap Stavanger AS) etter forureiningslova. Løyvet gjeld mottak og handtering av jern og skrapmetall, EE-avfall, og blybatteri på anlegget på Harestad i Randaberg kommune. 


Publisert 04.09.2023

Landsdekkande tilsynsaksjon med anlegg for behandling av kasserte køyretøy hausten 2023

Statsforvaltaren vil kontrollere anlegg som behandlar kasserte køyretøy fra og med veke 36 til 44 i haust.