Vellykka grovfôrsamling med beite som tema

Beite storfe sau
Sambeiting storfe og sau Foto: Nono DImby.

Forskarar meiner at aktivt jordbruk på grovfôrareal er bra for karbonproduksjon både under og over jorda, og aktiv beitedrift er difor viktig i klimasamanheng.

Publisert 05.09.2024

Rogaland Landbrukspark var arrangør av ei to dagar fagleg god grovfôrsamling på Bryne med beiting som hovudtema. 86 deltakarar fekk nyheiter innan beiteforsking, beiting og klimautfordringa, bønder sine erfaringar med ulike system for praktisk beiting, praktiske omsyn ved beite i inn- og utmark, og moglege utfordringar for landbruket i føreslått forskrift om gjødselbruk.

Landbruksdirektøren i Rogaland, Monica Dahlmo, opna samlinga. Eit aktivt landbruk i Rogaland er viktig for verdiskaping og bidrar til nasjonal matsikkerheit og beredskap. Biogassproduksjon frå husdyrgjødsel i Rogaland ligg i nær framtid, og er ei naudsynt satsing for å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket. Bruk av inn- og utmarksbeita er ein ressurs òg i framtidas landbruk. Jordbruksdrift kan vere ein trussel mot artsmangfald. Attgroing av jordbruksareal er ein enda større trussel.

Beiting gir ikkje nedgang i mjølkeproduksjon

Fleire forskarar frå inn- og utland hadde foredrag gjennom beitesamlinga. Noreg og Sverige er dei einaste landa i Europa som har pålagt beitekrav for mjølkekyr. Beitande mjølkekyr produserer mindre metan enn dyr innomhus. Aktivt jordbruk er viktig for karbonproduksjon og variert beitedrift kan i tillegg gi variasjon i biodiversitet. Klimagassutslepp av metan frå sau på beite gir, med god beitekvalitet, lågare produksjon av metan hjå sau enn dårlege og overgrodde beiter.

To rogalandsbønder med ulike beitesystem stadfesta at beiting ikkje gir nedgang i mjølkeproduksjon og protein i mjølk går opp ved beiteslepp. Å tilpasse kraftfôr ved ulike beitesituasjonar kan i tillegg vere eit middel for å oppretthalde godt miljø i vomma hjå mjølkekyr.

Utmarksbeita er ein ressurs òg i framtidas landbruk. Bruk av dronar, GPS-bjøller og virtuelle gjerder (NoFence) kan med riktig bruk gi betre tilsyn av husdyr på utmarksbeite.

Beiting på fulldyrka jord

Årleg såing av haustrug og eittårig raigras på fulldyrka jord som berre blir beita er eit alternativt beitesystem. Dette kan gje tidleg beiteslepp, jamn vekst og stabil fôrtilgang til seint på hausten, og veg opp for den auka arbeidsmengda som følgjer med årleg beite-attlegg. Tett oppfølging og god kontroll må til for å lukkast. Robotar og digitale styringsverktøy er aktuelle reiskap på fulldyrka jord som blir nytta som beite.

Ny gjødselbrukforskrift?

Blir forslaget til ny forskrift om gjødselbruk vedteke, må landbruket i Rogaland redusere bruken av husdyrgjødsel på spreieareal. Å redusere tal husdyr er lite ønskeleg m.a. fordi auka matproduksjon òg er eit nasjonalt mål. Overskot av husdyrgjødsel bør nyttast som ein ressurs, til produksjon av biogass som også gir høve til meir målretta bruk av fosfor regionalt og nasjonalt. Auka  beiting i utmark og redusere fosfor i kraftfôr er døme på tiltak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.