Trur du utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot kan vere feil?
Dersom du meiner det kan vere feil i utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot, kan du klage. Fristen for å klage er 3 veker frå du mottok vedtaksbrevet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 25.02.2020
Vedtaksbrevet er sendt ut elektronisk via Altinn, og du bør hente ut vedtaksbrevet og lese gjennom vedtaket frå kommunen. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om utbetalinga.
Fylkesmannen er klageinstans
Du skal sende ein eventuell klage til kommunen. I klagen skal du skrive kva du klagar på, dvs. kva du meiner er feil. Kommunen skal vurdere klagen, og skal sende den vidare til Fylkesmannen om dei kjem til at dei held fast på sitt vedtak.