Tilskot til bygging av sauehus er ikkje prioritert
Tilskot til bygging av sauehus skal ikkje ha prioritet i 2016. Det slo den regionale landbrukspartnarskapen fast på nytt i eit møte om Innovasjon Norge sin bruk av bedriftsretta landbruksmidlar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 24.11.2015
Dei strategiske føringane for bruk av bedriftsretta landbruksmidlar blei sende Innovasjon Norge i oktober. Fylkesmannen har i ettertid endra føringane for tilskot til bygging av kufjøs på Jæren. Mange stilte spørsmål då det blei klart at sauenæinga ikkje skulle ha prioritert i 2016. Fylkesmannen inviterte difor landbrukspartnarskapen til nytt møte 24. november. Det blei her konkludert med at føringane ligg fast.