Snart blir produksjonstilskotet for 2023 utbetalt
Og det blir kanskje litt meir pengar enn du har rekna med? Landbruks- og matdepartementet har no fastsett dei endelege satsane.
I jordbruksoppgjeret blir det fastsett førebelse satsar for produksjons- og avløysartilskot. Desse satsane blir justert ut frå kor mange husdyr og kor stort areal det blir søkt på. Endelege satsar blir så fastsett i januar.
Satsane for driftstilskot til mjølkeproduksjon, driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon, beitetilskotet og tilskot til beiting i utmark er justert opp. I følgje Nationen (24. januar 2024) blir det betalt ut totalt 120 millionar kr meir enn om dei førebelse satsane blei lagt til grunn.
Dei endelege satsane finn du på Landbruksdirektoratet si nettside.
Produksjons- og avløysartilskotet blir utbetalt i midten av februar.
Kvifor blir satsane justert?
Årsaka til at satsane blir justert opp er at det blir søkt om tilskot til eit lågare tal dyr og dekar enn forventa. Då skal den totale summen sett av til produksjons- og avløysartilskot i jordbruksforhandlingane delast på færre. I følgje Nationen er likevel nedgangen i talet søkjarar lågare enn den har vore dei siste åra.