Ser du noko rart ute i skogen?
Skadar på skog kan finnast i mange ulike former insekt, forureining, næringsmangel, soppar, vêr og vind. NIBIO har ei eiga nettside for innmelding av skogskadar som gjer det lett å melda inn ulike skogskadar.
Du treng ikkje å vita kva skaden er, men viss skogen ikkje ser frisk ut kan det vera lurt å melda inn på Skogskader.no - NIBIO. Skadar på skog kan føra til at heile eller delar av skogen døyr ut. Ein kan førebyggja skadar viss ein oppdagar skadeomfanget tidleg og set i verk tiltak. Å komma skogskadar i forkjøpet er eit bra klimatiltak, for døyande skog slepper ut co2 og frisk skog tek opp. Klimaendringane kjem til å føra til meir variasjonar i vêr, som kan gi meir skadar på skog som vindfelling og tørkestress, som igjen vil føra til betre forhold for parasittar som livnærer seg på tre. Skogskadar kjem mest sannsynleg til å bli vanlegare i tida framover.