Fleire kvinnelege skogeigarar i Noreg
Visste du at kvar tredje skogeigar i Noreg er kvinne? Fleire og fleire kvinner overtek eigedomar med skog, noko som betyr at norsk skogbruk har gått frå å vere mannsdominert og svært fysisk tungt, til å bli meir likestilt og maskinelt drive.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skogbruket i Noreg har lenge vore dominert av menn, både som eigarar av skog og i næringa elles. Som eit resultat av mellom anna auka fokus på likestilling og ei endring av odelslova, er no kvar tredje skogeigar i Noreg ei kvinne. Det gir fleire kvinner sjansen til å engasjere seg aktivt i skognæringa, ei næring som stadig får større betyding i Noreg ettersom vi rettar oss mot eit grønt skifte.
Landsmøtet for Kvinner i skogbruket 2017 blir i Rogaland
Er du kvinne og har lyst til å bli betre kjent med skogbruket i Rogaland? Kvinner i Skogbruket sitt fylkeslag i Rogaland arrangerer landsmøte med temakonferanse 1.-3.september. Her kan du allereie få ein liten forsmak av programmet. Laurdagens program vil gjennomførast i samarbeid med Skogselskapet i Rogaland.
Fredag 1.september
Lunsj, landsmøte og middag på Scandic Stavanger City
Laurdag 2.september
Besøk hos juletreprodusent «Edelstjerne» v/Olav Ravnås i Strand kommune. Juletreprodusenten er tidligare vinner av Noregs vakraste juletre
Lunsj på Preikestolen Fjellstue, der deltakarane blir betre kjent med turisthytta som blei bygd i massivtre av arkitektfirmaet Helen&Hard
Besøk hos Riska Sag v/Mikal Nordbø, der vi får sjå på fjøs i massivtre
Treretters middag på Gaffel og Karaffel i Stavanger
Søndag 3.september
Foredrag i lokala til Naturvernforbundet i Stavanger ved Mosvatnet, der vi får lære meir om mellom anna:
- Pilotprosjektet «Planting for klima» v/Ingeborg Anker-Rasch, prosjektleiar hos Fylkesmannen i Rogaland
- Innblikk i skogbruk på Island v/Sigríður Júlía Brynleifsdóttir
Vil du vite meir om Kvinner i Skogbruket? Besøk deira nettstad www.kvinneriskogbruket.no, eller besøk deira Facebook-side. For fylkeslaget i Rogaland, besøk deira Facebook-side «Kvinner i Skogbruket – Rogaland fylkeslag».