Inn på tunet
Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Eige kvalitetssystem og godkjenningsordning
Ei viktig nyvinning dei seinare åra er vi har fått på plass eit kvalitetssystem og ei godkjenningsordning for Inn på tunet-gardane. Stiftinga Matmerk forvaltar godkjenningsordninga, og har også ansvaret for å drifte ein nasjonal informasjonsnettstad. Her er det oversikt over godkjente Inn på tunet - gardar, og det ligg og malar på ulike avtaler mellom tilbydar og kjøpar.
Handlingsplan for Inn på tunet i Rogaland
Inn på tunet er i dag eit nasjonalt satsingsområde, og er retta mot eit breitt spekter av sektorar og tenesteområde. Fylkesmannen sitt arbeid med Inn på tunet blir styrt av embetsoppdraget frå Regjeringa, Handlingsplan for Inn på tunet i Rogaland 2019 - 2020, og føringar gitt i St.meld. 31 – Garden som ressurs Garden som ressurs – marknaden som mål. Vi arbeider med å gjere Inn på tunet betre kjent, har fokus på utviklingsarbeid og å støtte både tilbydarar og kjøparar med faglege aktivitetar. Landbruksavdelinga har ansvaret for å koordinera dette arbeidet, i samarbeid med utdanningsavdelinga og helse- og sosialavdelinga.
Inn på tunet - Rogaland
I Rogaland har vi ein tilbydarorganisasjon som kallar seg for «Inn på tunet – Rogaland» . Vi viser til nettstaden deira.
Nordisk forskarnettverk innan Green Care farming og Nature-based interventions
Det er etablert eit nettverk av forskarar frå dei nordiske landa som jamleg arrangerer workshops og konferansar der ny forsking innanfor området Green Care og Nature-based interventions blir presentert. Førre konferanse var i Kristiansand hausten 2017 og var eit samarbeidsarrangement mellom Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Agder, Universitetet i Agder og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Hovudtemaet var «Landbruket – ei kjelde til meistring og livskvalitet. Korleis kan kontakt med planter, dyr og naturopplevingar gje betre livskvalitet for ulike brukargrupper.» Første dag hadde hovudfokus på utsette barn og unge, dag 2 tok opp tema i høve til eldre personar med demens. Nokre av innlegga og artiklane vil du finne på nettstaden til UiA – University of Agder
Demensomsorg på gard
Demensomsorg på gard er eit større forskingsprosjekt som undersøkjer ulike aspekt ved å leggje dagaktivitetstilbod på gard til personar med demens.
Prosjektet er viktig blant anna for å synleggjere kva som er suksessfaktorane ved å leggje slike tilbod til gardsbruk. Vi treng mange fleire dagtilbod i åra som kjem, og det er viktig med variasjon tilboda.