God for jord - god for avling

Jordfruktbarheit og jordlivet er avgjerande for plantevekst og gode avlingar. På fagdagen 28.sept er dette eit sentralt tema.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.09.2017

Tid: torsdag 28.sept frå kl 10-15
Stad: Øksnevad vgs, Klepp 
Gratis deltaking

Program

kl 10.00    Nytt og nyttig om regelverket ved Lene Nilssen, Debio

kl 10.35    Oppbygging av jordas fruktbarheit med regenerative metodar ved Martin Beck

kl 12.00    Lunsj med noko økologisk å bite i

kl 12.45    Fermentering av husdyrgjødsel for betre jordliv og redusert klimagass-utslepp ved Andreas Capjon, Bokashi Noreg

kl 13.30    Om Bokashi-prosjektet på Jæren ved Ragnvald Gramstad, NLR Rogaland

kl 13.45    Kaffi

kl 14.00    Omvising på Øksnevad vgs med fokus på den økologiske produksjonen ved Sara Brunborg Jakobsen, Øksnevad vgs

kl 15.00    Vel heim!

Hugs påmelding innan 26.september.

Den danske agronomen Martin Beck er spesialist på jordsunnheit og leder praktisk arbeid med jordfruktbarheit og karbonbinding på garden Almende i Danmark.

Anders Capjon, bybonde på Losætra i Oslo, og styreleiar i Bokashi Norge deler kunnskap om fermentering av husdyrgjødsel med mikroorganismar.

Fagdagen er eit arrangement under ØKOUKA i Rogaland . ØKOUKA i Rogaland, i regi av Oikos Rogaland, har fått støtte av Fylkesmannen i Rogaland, Stavanger og Sandnes kommune, Oikos Økologisk Norge, Stangeland mølle og Norganic.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.