Fylkesmannen med i eit stort forskingsprosjekt – Climate Futures
10 fylkesmenn har signert samarbeidsavtale med NORCE AS om eit stort forskingsprosjekt. Prosjektet handlar om å utvikle verktøy for varsling og handtering av klimarisiko frå 10 dagar til 10 år fram i tid. Prosjektet skal vare i 8 år og har totalt 38 partnarar, og eit budsjett på heile 207 millionar kroner.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forskningsrådet har gitt prosjektet den prestisjetunge statusen SFI, «senter for forskningsdrevet innovasjon». Climate futures skal samarbeide med partnarar frå ei rekke klima- og verutsette sektorar, for å lage nye løysingar for å føreseie og handtere klimarisiko. Fylkesmannen i Vestland representerer oss inn i prosjektet.
Særleg viktig for jordbruket
Kunnskap om klima er særs viktig for ein berekraftig matproduksjon, i ei framtid med meir av alle typar ver. Vi har alle friskt i minne tørken i 2018 som kom etter eit 2017 med uvanleg mykje nedbør. Prosjektet skal gi oss eit planleggingsverktøy for landbrukssektoren. Det å kunne produsere mat i eit meir krevjande klima blir eit svært viktig tema inn i framtida. Faktisk avgjerande for framtidig økonomi og velferd. Noregs Bondelag og Norsk Landbruksrådgjeving er også involvert i prosjektet.
Avtale med Norce finn du vedlagt.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13