Godt 2024 for landbruket i Rogaland!
Året 2024 har vore annleis og krevjande, men kan oppsummerast med takksemd for oss som dagleg arbeidar med og for landbruket i Rogaland. Gode avlingar og auke merksemd på sjølvforsyning gir grunn for optimisme for bonden i Rogaland.
Dette er ei kortfatta oppsummering av året 2024 for oss ved Statsforvalteren si Landbruksavdeling. Det er mange hendingar som kunne vore omtalte, og her kjem nokre glimt gjennom året signert Monica Dahlmo og Anfinn Rosnes.
Ny leiing ved avdelinga
Året 2024 starta med Monica som ny landbruksdirektør, og fungerande Anfinn blei nestkommanderande. Vi var jo logisk nok litt spente på korleis dette skulle gå, og takka vere gode folk i avdelinga dristar vi oss til å hevde at vi har klart å levere. Det gode samarbeidet i Landbrukspartnarskapet har også vore motiverande.
Kommunane viktige medspelarar
Kommunane er våre viktigaste medspelarar, og vi opplever at vi har hatt eit godt samarbeid gjennom året. Skal vi klare å auke sjølvforsyninga må vi mobilisere i alle ledd, og kontroll med pengestraumen er alltid sentralt. Våre kontroller viser at kommunane i hovudsak har god forvaltning av dei over 2 milliardane som er utbetalt i fylket.
35 nye mjølkefjøs
Som alltid er Landbruksavdelinga opptatt av mjølkeproduksjon i heile fylket. Vi har mobilisert, og er særs nøgd med at Rogaland fekk brukt 90 av 100 mill. av nasjonale investeringsmidlar til mjølkefjøs. Noko som har finansiert 35 mjølkeprosjekt. Vi ser også at mange nyttar retten til å produsere ut over kvote dette året, her ligg Rogaland også i front. Me kan også gle oss over at nokon har starta opp mjølkeproduksjon. Nå blir det viktig å mobilisere vidare for 2025.
Landbruket skapar store verdiar
Landbruket i Rogaland held stand, det kjem fram av ein fersk rapport frå NIBIO. Verdiskapinga frå jordbruk og næringsmiddelindustri er om lag 9,7 mrd. (2022-tall), og det er nå rett i underkant av 4000 aktive jordbruksføretak i fylket.
Endeleg får vi ny gjødselvareforskrift
Nå rett før året er omme får vi vite at det kjem ny gjødselvareforskrift i februar 2025, samstundes som vi får vite at det blir rimeleg god tid til tilpassing. Vår vurdering er at dette blir til å leve med.
Året da biogass kom på dagsorden
Gjennom året har vi opplevd stort engasjement om tema biogass, og bøndene opplevar nærmast kamp om husdyrgjødsla. Det blir spanande å sjå om det faktisk blir byggestart for eit større anlegg i 2025.
Beredskap stadig viktigare – jordvern er då sentralt
Rogaland er viktig for nasjonal matforsyning. Vi har heldigvis berre hatt mindre tilfelle av dyresjukdomar, med funn av fugleinfluensa i Lund. Arealgrunnlaget er viktig for matforsyninga, og også i år har jordvernet kravd sin Statsforvaltar når «utviklingsiveren» i fylket skyt fart. Vi har tydeleg formidla nasjonalt jordvernmål, og utfordrar kommunane til å gjere planvask og tilbakeføre dyrka jord frå utbyggingsføremål til LNF.
Skogen viktig for klima
På skogområdet har vi hatt forsterka innsats på å følge opp hogstfelt for å sjekke om dei er tilplanta eller brukt til jordbruksareal. Satsing på skog er viktig i klimasamanheng, og er ein ressurs som må forvaltast på ein berekraftig måte. I haust blei det klart at Vindafjord skogeigarlag fekk midlar til utviding og oppgradering av tømmerkai på Utbjoa. Rogaland er med dette prosjektet kome i mål med å få på plass ein god og framtidsretta tømmerkaistruktur. Frå før har Søndenåneset i Vindafjord, Eigersund og Sauda fått investeringstilskot. Totalt har Rogaland investert 50 milllionar kroner i ombygging av eksisterande og nye tømmerkaiar. På landsplan er det så langt gitt 394 millionar kroner i tilskot til 36 kaiar.
Gode avlingar
Året 2024 har vært et godt år når det gjeld klima og vekstforhold, men haglskurene i vår gjorde stor skade i fruktproduksjonen.
Takk for godt samarbeid
Vi på Landbruksavdelinga vil med dette takke for alt samarbeid gjennom året 2024, både med kommunar og andre viktige treffpunkt i landbruket. Vi ser fram til vidare samarbeid i 2025.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13