Stormøte om landbruk 8. mars

I år er det konsekvensane av nytt gjødselregelverk som er tema for årets Varhaugmøte.

Temaet for årets Varhaugmøte er nytt gjødselregelverk – kva betyr det for landbruket? Blant innleiarane finn vi landbruks- og matminister Sandra Borch og vår eigen statsforvaltar Bent Høie.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2022

Det tradisjonelle Varhaugmøtet blei i år utsett til 8. mars på grunn av koronarestriksjonane. Årleg samlar møtet fleire hundre bønder og andre landbruksinteresserte folk, og har blitt ein viktig møtestad. 

Bak stormøtet står bondelaga i Hå, Hå kommuna og SpareBank 1 SR-bank. 

Program 8. mars

19.00 Velkomen ved ordførar i Hå, Jonas Skrettingland
19.10  Innleiing ved Sveinung Svebestad, styreleiar i FKRA
19.25 Landbruks- og matminister Sandra Borch
19.50 Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming
20.15 Statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie
20.35 Pause
21.15 Open debatt med spørsmål frå salen
22.00 Avslutting og gåveutdeling ved bondelaga i Hå

Møtet finn stad på Varhaug idrettsanlegg. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.