Utlysing av utgreiings- og tilretteleggingsmidlar: Søknadsfrist 10.september 2017
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane, UTM skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk, kan også få tilskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen i Rogaland har i 2017 fått kr 3,84 millionar til utgreiing- og tilretteleggingstiltak innanlandbruksbaserte næringar. Mesteparten av midlane for 2017 blei brukt i første halvår. Søknadsfristen for den supplerande runden er 10. september! Send elektronisk søknad til Fylkesmannen i Rogaland.
Fylkesmannen ser spesielt behov for prosjekt innan følgjande tema:
-
Kombinasjon lokalmat og naturbasert/ landbruksbasert reiseliv.
Prosjekt som fremmer auka aktivitet og samarbeid mellom aktørar innan lokalmat og aktørar som tilbyr opplevingar i utmark, skog, kulturlandskap eller på garden. -
Skog-/trebruk/ bioenergi.
Prosjekt som fremmer auka aktivitet og samarbeid blant aktørar innan skog-, trebruk, bioenergi eller liknande. -
Pollinering av frukt og bær.
Prosjekt som fremmer samarbeid mellom birøktar og frukt- og bærdyrkarar.
Andre prosjekt som bidrar til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket og utvikling av andre landbruksbaserte næringar vil også bli vurdert.
Vi minner om at midlane er ikkje retta mot enkeltbedrifter, og at det er kommunar, bedriftsklyngar, næringshagar, reiselivsdestinasjonar, faglaga, rådgivinga, organisasjonar med fleire som kan søkje. Meir informasjon finn du på menyen på høgre sida i dokumentet «kven kan søkje, og kva kan midlane brukast til?». Ta gjerne kontakt med oss for dialog rundt søknaden!
Andre støtteordningar som skal støtte opp under landbruket
NB! ordningane har ulike søknadsfristar
Handlingsprogram Næring
Dette er prosjekt som bidrar til berekraftig omstilling, auka verdiskaping og nye arbeidsplassar i tråd med Regionalplan for næringsutvikling, Regionalplan for landbruk, Regionalplan for energi og klima, Kystskogmeldinga, Akvakulturstrategi for Rogaland og Reiselivsstrategi for Rogaland. Elektronisk søknad i regionalforvaltning.
Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket
Støtteordninga skal medverke til rekruttering og kompetanseheving i landbruket som styrkar verdiskapinga. Søknader skal sendast direkte til Fylkeskommunen.
Midlar til investerings- og bedriftsutvikling (IBU)
Dette er bedriftsretta midlar der gardbrukarar kan søke Innovasjon Norge om støtte.
Kontaktpersonar
-
Eli Munkeby Serigstad
Tlf: 51 56 89 62 / 41 41 85 10 -
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72