Sosiale medium er ein av dei «hottaste» trendane for augneblinken

Eit svært populært kurs med venteliste. 16 deltakarar fekk ny informasjon om bruk av sosiale medium for bedrifter og nyetablerarar. Sosiale media spreier bodskapen, aukar salet, gir kundane service og får tilbake kundar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.05.2015

Kurset vart halde på Jørpeland 20. april 2015 og var så populært at eit nytt kurs skal haldast i august. Kathrine Jølle Wathne var forelesar, og kurset vart arrangert av Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Lysefjorden Rundt og skape.no Noko av utfordringane ved slike kurs er at det er store ulikskapar i deltakarane sin kunnskap om sosiale medium. Nokre kan mykje, andre kan lite.

Med milliardar av menneske som er samanvevd med kvarandre er sosiale medium ein gratis marknadskanal. Bedrifter og nyetablerarar bør bruke sosiale medium for å auke salet, gi kundane service, spreie bodskapen til bedrifta og få kundane tilbake.

Facebook

På Facebook er det 1,44 milliardar brukarar kvar månad. I Noreg er det 3 millionar brukarar av Facebook, 50/50 menn og kvinner. Det er enkelt å lage ei bedriftsside på Facebook, men sida bør ha ein klar bedriftsprofil. Det er viktig å skilje mellom bedrift og person, og ha eit klart ansvar for kven som lagar og oppdaterer sida. «Action» og kontinuitet er nødvendig. Nyhende, filmar, arrangement skal leggast ut, og det skal svarast på førespurnadar. På Facebooksida skal det inviterast til dialog, og det er viktig å svare raskt. Ei kopling mellom Facebooksida og web-sida er nyttig. Ei interessant oppgåve er å følgje med i statistikken, kor mange har vitja sida, kor mange har delt sida, kommentert og likt. 

YouTube

Det er 1 milliard unike brukarar av YouTube kvar månad. 100 minutt med video vert lasta opp kvart minutt. Mange norske selskap brukar YouTube aktivt, mellom anna Stormberg (produktfilmar, turtipsfilmar og informasjonsfilmar), Sparebank 1 – SR bank (økonomisk rådgiving og pensjon) og Moods of Norway (fashion, nyhende og catwalk).  Det er svært enkelt å laste opp bilete for så å lage ein videosnutt av dette. Sjå Youtube-snutt – frå kurset i Sosiale medium på Jørpeland.

Twitter

Twitter er eit informasjonsnettverk kor du kan følgje andre eller informere andre om det som interesserer deg. Kvart «tweet» har 140 teikn. 500 millionar «tweets» vert skrive kvar dag og 76 prosent av brukarane nyttar mobilen når dei sjekkar Twitter.  Twitter koplar saman bedrifter med kundar i «sann tid», og bedriftene nyttar Twitter til fort å dele informasjon med folk som er interessert i deira produkt og teneste.  Raske tilbakemeldingar er med på å bygge relasjonar mellom kundar, partnarar og andre personar med påverknad. Twitter er ein enkel måte å nå eit engasjert publikum på. 

Neste kurs i sosiale medium vert halde på Jørpeland 27.august 2015. Sjå skape.no for meir informasjon.

Nokre eksempel på Facebooksider, You Tube-kanalar og Twitter:

Facebooksider

Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke

Skape.no

Fylkesmannen i Rogaland 

YouTube-kanalar

Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke

Stormberg 

Frå kurset i sosiale media

Twitter

Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke

Skape.no 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.