Problem er til for å løysast!
Bønder og landbruksrelatert bedrifter kan få tilskot frå VRI til å finne løysingar på problem. Kravet er at forskaren blir kopla på.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
VRI står for Verkemidlar for regional innovasjon. Gjennom bedriftsprosjekt i VRI kan bønder og landbruksrelatert bedrifter få tilskot til å betale for forskartenestene.
Bioøkonomi er eitt av to satsingsområde i VRI, og forsking og utvikling innan bioøkonomi kan knytast til:
- auka matproduksjon
- behovet for energi
- miljø- og klimaendringar
- bruk av berekraftige råmateriale
- omdanning av restråstoff til nye produkt
Bønder som har felles problemstillingar blir gjerne samla i utviklingsringar. Det er ein kostnadseffektiv måte å bygge kompetanse og overføre erfaringar. Bøndene i utviklingsringane får hjelp av forskarar og rådgivarar til å teste ut produkt og metodar og analysere resultata.
Så, kjære bonde og landbruksrelatert bedrift, ingen problem er for store og ingen er for små.
Har de ein lur idè eller eit problem, så ta kontakt med kompetansemeglar i VRI
Eli Munkeby Serigstad på 41418510 eller fmroese@fylkesmannen.no
Litt om VRI:
I perioden 2017-2019 vil ordninga vere forankra i Forskningsrådet sitt nye program FORREGION.
Hovudmål:
VRI Rogaland skal bidra til auka verdiskaping gjennom forskingsbasert innovasjon som skal sikre eksisterande og skape nye arbeidsplassar.