Prioritering av bygdeutviklingstilskot i Rogaland

Tildelingsbrevet for bruk av regionale BU-midlar 2013 er nå sendt til Innovasjon Norge. Brevet gir Innovasjon Norge økonomiske rammer for si forvalting av bedriftsretta BU-midlar. I tillegg inneheld brevet føringar for bruk av BU-midlane og rapporteringskrav.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.03.2013

Dei totale BU-midlane for Rogaland i år er på 41,04 millionar kroner. Innovasjon Norge Rogaland si ramme for tilskot til enkeltverksemder (eksklusiv bioenergi) er på 35,31 millionar kroner. Ramma for tilskot for tiltak innan bioenergi er på 0,93 millionar. Den totale låneramma som grunnlag for rentestøtte til enkeltverksemder er på 67,4 millionar kroner. Fylkesmannen i Rogaland skal forvalte 4,8 millionar kroner i utgreiings- og tilretteleggingsmidlar.  

Nokre føringar

Generelt skal tilskotet ha ein klar effekt  for lønnsemda i prosjekta og større satsingar skal prioriterast framføre mange små enkeltprosjekt. Det er meininga at Innovasjon Norge skal nytte minimum 75 % av tilskotsmidlane til tradisjonelt landbruk i fylket og 25 % til bygdenæringar. Det er óg tenkt at midlane skal nyttast på ein slik måte at dei bidrar til ein variert bruksstruktur og eit aktivt landbruk i heile fylke; 70% av midlane skal i denne samanhengen nyttast utanom dei sentrale områda på Jæren.  

Innan tradisjonelt landbruk skal grovfôrbaserte produksjonar, og grønsaksproduksjon/veksthus prioriterast. Det er spesielt viktig at mjølkeproduksjonsvolumet i distriktet blir halde opp, samt at det blir auka satsing på storfékjøttproduksjon. I tråd med det nasjonale målet om nok og trygg mat, ønskjer vi at dyrevelferd og fornying av driftsapparatet skal vektleggast i vurderingar omkring BU-støtte. Beita på inn- og utmark utgjer kritiske innsatsfaktorar for landbruket i Rogaland. Investeringar som legg til grunn auka bruk av beiteressursar, særleg i utmarka, skal prioriterast ved utmåling av tilskot. BU-midlar til pelsdyrnæringa skal ikkje prioriterast i 2013. 

Det er ønskjeleg med auka bruk av tre i driftsbygningar i Rogaland.  Bygningar bygd med massivtre-konstruksjon skal ha prioritet.  

Når det gjeld midlar til utviklingstiltak i foredlingsverksemder(lokalmat- og reiselivsområdet), kan Innovasjon Norge Rogaland i 2013 bruke inntil 1,5 mill. kr, med vilkår om at tiltaka gir synlege meirverdiar for primærleddet.

Partnarskapen var einige om at  tilskot til fornying av frukthagar skal prioriterast. På gardsbruk der fruktdyrking utgjer, eller vil kunne bli, ein vesentleg del av inntekta, kan det løyvast tilskot til rydding og fornying av frukthagar. Ryddekostnader som gjeld tilrettelegging av arealet, samt plantekostnader som plantemateriale, planting, tildekking og vatningsopplegg, er aktuelle kostnadspostar. 

Det er øyremerka 930 000 kroner til bedriftsretta midlar innan bioenergi. Formålet med desse midlane er å stimulere bønder og skogeigarar til auka bruk av bioenergi i næringsverksemd og bustad. Aktiviteten på dette området skal også bidra til kompetansebygging. Med omsyn til biogass, så er det ønskjeleg at det gis støtte til dei pilotprosjekta innan biogass som styrker forhold innan landbruket generelt og i veksthusnæringa spesielt.  

Innovasjon Norge Rogaland saman med Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Rogaland og faglaga utgjer ein kraftfull regional landbrukspartnarskap. Saman skal vi jobbe for å oppnå de måla som står i Regionalplan for Landbruk og Handlingsprogram for Næring, samt bidra til å sikre framtidig landbruksproduksjon. 

For meir informasjon, ta kontakt med Aart Magnussen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar