Omlegging til frittgåande verpehøns i aviarium går framover
Vel 100 000 fleire høner har gått frå miljøbur til aviarium det siste året. Nå er 50 % av tal verpehøns i Rogaland frittgåande, mot 40 % i 2016.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Pilene peikar rett veg, men for Rogaland er motbakken brattare enn for dei andre fylka. I 2016 var det på landsplan 60 % frittgåande. Tal for 2017 viser at det var 1.043.441 verpehøner i Rogaland, og av desse er 516.758 frittgåande (inklusiv økologisk).
Sist veke meldte både Orkla og Nortura om at dei vil fase ut buregg innan 2024. Tidlegare har Rema varsla at dei vil fase ut buregg innan 2025. Skal me klare og legge om alle besetningane i Rogaland innan 2024, må bøndene i Rogaland ha same omleggingstakt i dei neste fem åra som i 2017.
Kostnader knytt til omlegging kjem på om lag 1,5 – 2,5 millionar pr føretak. Investeringsbehovet for eggprodusentane i Rogaland ligg på om lag 140 millionar kr totalt for dei kommande fem åra.
Fakta: Konsesjonsgrensa er 7500 verpehøner pr føretak.