Nytt fagtilbod - Grønt mangesysleri og entreprenørskap
Er du interessert i å utforske korleis gardsbruk kan utviklast på ein meir berekraftig måte? Studiet passar for personar som arbeider i landbruks- eller reiselivsnæringa.
Formålet med utdanninga er å gje innsikt i potensielle mulegheiter og ressursar som allereie eksisterer. Både regionale og lokale behov vil bli lagt vekt på og etter fullført studium skal du kunne meir om korleis du kan få meir utbytte av råvarene og ressursane.
Ansvarleg utdanningsinstitusjon er Fagskolen Rogaland – Senter for nyskapande utdanningar.
Meir informasjon og påmelding
Du kan søke frå og med 31. mai 2024 klokka 09.00.
Studieprogram
Studiet er på 60 studiepoeng fordelt på fire emne og blir gjennomført over to år, fordelt på fire semester.
Organisering
Studiet er modulbasert med samlingar i Ryfylke i lågsesongen (september-mars). I tillegg noko nettundervising. Det er lagt opp til to - tre samlingar per emne/modul, til saman 12 samlingar på to år.
Opptakskrav
Opptakskrav er enten relevant fagbrev, fullført og bestått vidaregåande opplæring innan naturbruk, eller lang arbeidserfaring frå relevant område.
Kontakt
Einar Schibevaag
Fagleg ansvarleg
E-post: einar.schibevaag@skole.rogfk.no