Spenstig satsing på historisk reiserute

Discovery Route SA blei stifta 21. og 22. februar 2013. Dei åtte bedriftene i selskapet er sterke og gode representantar som vil arbeide heilskapleg med utvikling frå produkt til marknad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.02.2013

Dei åtte bedriftene er Skysstasjonen Røldal, Myrkdalen Hotel, Mo Laksegard, Energihotellet, Hordatun Hotel, Verkshotellet AS, Spa-hotell Velvære og Hotel Ullensvang.  

Ei av dei flottaste reiserutene i Noreg
Discovery Route™ er ei historisk reiserute frå 1880-åra. Reiseruta gjekk frå Stavanger til Bergen gjennom fjordane i Ryfylke. Turen frå Stavanger via Sand, Suldal og Bratlandsdalen til Røldal og vidare til Haukeli eller Odda blei marknadsført som ei av dei flottaste rutene Noreg hadde å tilby. Innlandsruta tar deg med på ein tur gjennom storslagen natur med lakseelver, store fossefall, fjell, brear og djupe innsjøar i eit område kjend for stor vasskraftproduksjon og vakker natur. Ruta byr på sjarmerande småstadar som kan tilby overnatting med særpreg og variert tilbod av mat basert på lokale råvarer. 

Det er mange attraksjonar langs ruta:
- Preikestolen
- Lysefjorden
- Nasjonal Turistveg Ryfylke
- Suldalslågen – Vest-Noregs største vassdrag
- Nesflaten med sin unike 60-talls arkitektur
- Stavkyrkja i Røldal
- Baroniet Rosendal

Revitalisering av Discovery Route™
Arbeidet med å revitalisere Discovery Route™ starta i Suldal i 2008 gjennom eit VRI-prosjekt der dei største reiselivsbedriftene i Suldal var representert. Tema var turisthistoria i Suldal, men korleis kunne dette nyttast til næringsformål? Sidan 2008 har bedriftene i samarbeid med Suldal Vekst AS jobba med å forankre denne ideen blant fleire partnarar. Ruta går gjennom to fylke, og bind saman dei to store byane Stavanger og Bergen.

Ideen med Discovery Route™ vart testa på NTW (Norwegian Travel Workshop) i 2011, med positive resultat. Vinteren 2012 vart reiselivsbedrifter i Røldal, Hardanger og Voss inviterte med i arbeidet. Likeins har ein og invitert med reiselivsbedrifter langs Nasjonal Turistveg Ryfylke, og hotell i Stavanger/Sandnes og Bergen. Samtidig har ein også forankra arbeidet i NCE Fjord Tourism, Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument