Mat og kultur i det vestnorske fjordlandskapet til Internationale Grüne Woche i Berlin
Fjord Norge-regionen skal delta på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin januar 2020. 20 verksemder frå regionen vert plukka ut som deltakarar til messa. Er di verksemd ei av dei?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Region Vest er invitert til å delta på den norske standen 17.-26. januar 2020. Fylkesmennene i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland har, saman med Innovasjon Norge i regionen starta planlegginga.
Norges deltaking på IGW har som overordna mål å bidra til å utvikla Norge som mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Prosjektet skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser.
Det vestnorske fjordlandskapet
Det finst fleire identitetsrettar som kan knytast til «Smaken av Fjord-Norge». Med utgangspunkt i den vestnorske naturen og fjordlandskapet ynskjer vi å finne smakar som løftar vårt særpreg og kan representera regionen si identitet på messa.
Kva inneber det å vera deltakarverksemd?
Totalt vert 20 verksemder invitert til å delta på messa. Deltakarverksemdene er samansette av lokalmatprodusentar, kokkar, lærlingar og reiselivsverksemder og vert fordelt på 2 periodar. Nettverksbygging og framtidig samarbeid vert ein viktig nytteverdi gjennom hektiske, kreative og kjekke dagar saman.
Er du ein aktuell deltakar?
Arrangørane ynskjer ei breitt samansett gruppe av verksemder. Me ønskjer deltakarar som har lyst til å samarbeida med andre bedrifter, som kan vera gode ambassadørar for Fjord-Norgeregionen på messa og som vil presentera produkta sine til eit større publikum.
Dersom du tenkjer dette er noko for deg og di verksemd ynskjer me at du sender oss ein e-post innan 7. juni, der du skriv litt om verksemda di og kvifor du ynskjer å vere med.
Kontaktpersonar
- Prosjektleiar Dirk Kohlmann - Fylkesmannen i Vestland
fmhodkt@fylkesmannen.no / 412 96 550 - Aud Lindset Drågen - Fylkesmannen i Møre og Romsdal
fmmrald@fylkesmannen.no / 90 86 54 59 - Ragna Flotve – Fylkesmannen i Vestland
fmhorfl@fylkesmannen.no / 901 01 541 - Annabell Pfluger – Fylkesmannen i Rogaland
fmroapl@fylkesmannen.no / 51 56 89 71