Mat for eldre er meir enn godt
Målet med kvalitetsreforma "Leve hele livet" er eit meir aldersvenleg Noreg, og i det ligg det blant anna å motivere til matglede og betre matomsorg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Det er flott at me får sett mat for eldre på dagsorden i Rogaland. Inspirasjonsdagen den 3.juni vil gi meir energi til å halde fram med dette viktige arbeidet, meiner fylkeslege Janne Dahle-Melhus og landbruksdirektør Geir Skadberg hos Fylkesmannen i Rogaland.
Bruk meir mat frå Rogaland
– Vår sterke matregion skal sjølvsagt gi dei eldre god ernæringsriktig mat gjennom måltid som gir gode smaksopplevingar gjerne i sosiale lag. Matregion Rogaland har arbeidd med mat for eldre over fleire år og vil også gjere det framover, seier Skadberg.
Målet med dagen er å gi inspirasjon og fagleg påfyll som kan gi eit betre mattilbod for eldre.
Heimebuande treng meir merksemd
– Det er stor merksemd på gode måltidsopplevingar for eldre som bur på sjukeheimar og me tykkjer det er svært positivt at ein jobbar med at maten skal smake godt og gjere godt. Samtidig er det svært mange eldre som bur heime, gjerne aleine, og me ønsker å sette søkelys på at også denne gruppa skal ha gode smaks- og sosiale opplevingar knytt til måltida, seier Dahle-Melhus.
Det er Landbruks- og Matdepartementet som har tatt initiativ til inspirasjonsdagane. Stortingsmeldinga «Leve hele livet» har som mål å gi eit meir aldersvenleg Noreg. Kvalitetsreforma skal finne nye løysingar på utfordringar knytt til blant anna mat og måltid, aktivitet, helsehjelp og samanheng og overgangar i tenestene.
Inspirasjonsdag
Tid: Måndag 3. juni, kl. 10.00–16.00.
Stad: Universitetet i Stavanger, Arne Rettedals Hus AR-G001, Stavanger.
NB! Arrangementet er flytta til Arne Rettedals hus grunna stor påmelding.
Påmelding og program. Påmeldingsfrist er 25. mai 2019.