Kulturarven som ressurs
Kulturminne er attraksjonar og verdifulle ressursar i lokalsamfunnet. Direktør i Kulturminnefondet Simen Bjørgen kjem til Hjelmeland 27. februar for å informere om «Kulturarven som ressurs, kvifor og korleis». I tillegg vert det korte innlegg om einskilde prosjekt i lokalsamfunnet
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kulturarven gjer oss nysgjerrige, og kulturminne kan brukast aktivt i berekraftig reiseliv og føre til vern gjennom bruk. Mange kulturminne og kulturarven generelt har ein viktig plass i lokalsamfunnet og betyr mykje både for innbyggjarane og dei tilreisande. Gjennom å auke forståinga om verdien av kulturminne og historie, kan det skapast kvalitetsprodukt som bidrar til å auke inntekta gjennom å bruke kulturarven.
Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet, kjem til Hjelmeland 27/2-18 og vil delta på eit informasjonsmøte om Kulturarven som ressurs
Tid: 27/2-18 kl 1900-215
Stad: Spinneriet, 4130 Hjelmeland
Pris: Gratis – og inga påmelding
Program
Velkommen – ordførar Bjørn Laugaland
Kulturarven som ressurs, kvifor og korleis – direktør i Kulturminnefondet Simen Bjørgen
«Discovery Route» - ei gjenskaping av ei gamal turistrute gjennom Ryfylke – Bjørn Mo
Pause
Lokale utfordringar og muligheter – korte innslag om enkeltprosjekt
Eit bedehus på Randa – Lars Randa
Sofiehuset på Hagalid – Hanne Sundbø
Buhagen – mat og miljø – Silje Sværen
Oppsummering/kommentarar/spørsmål
Arrangør: Kulturminnefondet, Hjelmeland kommune og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke
Kontakt Kari Sand
Kari Sand
Kari.Sand@strand.kommune.no
Tlf: 950 31190